Gå til innhold

Min ultimate all-road N+1 killer


Anbefalte innlegg

@AtleR Eit problem med sequential mode er at dersom eg er så dum at eg forsøker å gire med framgiret når eg er i fyrste gir, så lar den meg gjere det, og eg havnar i stor-stor. Så det er litt risky å fjerne det siste leddet frå kjedet.

Ei løysing er å konfigurere klikking av venstre+høgre til å gjere ingenting i staden for å gire framme. Det er sikkert det du gjer? Då blir altså kontroll av framgiret fullt og heilt overlatt til systemet. Men det likar eg altså ikkje heilt, som nemnt tidlegare.

Det skulle vere ei enkelt firmware-sak for SRAM å hindre oss i å gire til stor-stor og liten-liten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (1 time siden):

@AtleR Eit problem med sequential mode er at dersom eg er så dum at eg forsøker å gire med framgiret når eg er i fyrste gir, så lar den meg gjere det, og eg havnar i stor-stor. Så det er litt risky å fjerne det siste leddet frå kjedet.

Ei løysing er å konfigurere klikking av venstre+høgre til å gjere ingenting i staden for å gire framme. Det er sikkert det du gjer? Då blir altså kontroll av framgiret fullt og heilt overlatt til systemet. Men det likar eg altså ikkje heilt, som nemnt tidlegare.

Det skulle vere ei enkelt firmware-sak for SRAM å hindre oss i å gire til stor-stor og liten-liten.

Hei. Ja, jeg har det sånn at jeg overlater alt til systemet og kan ikke overstyre framgiret. De trådløse blipsene jeg har som klatreskiftere er satt opp så klikk på begge bytter side på Garmisen 🙂

Scott Spark - Scott Lumen - BMC Kaius - Gavia Fat Tony  - Wahoo KickrBike Shift

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (18 timer siden):

I dag dukka det opp ein venstre wide 170 mm krankarm med effektmålar, så då var det berre å få montert sykkelen og kome seg ut på ein prøvetur.

Eg har aldri før hatt ein sykkel som både har hatt riktige gir ned Byåsvegen og (stort sett) riktige gir opp Driftsvegen (med kneiker på 18%). Artig! Likevel hadde eg brukt både tyngre og lettare gir om eg hadde hatt det. Til Badlands og sånt trengs det heilt klart lettare gir.

Eg måtte stoppe og justere bakgiret meir. Både B-skrue, limit-skrue og finjustering i appen. Ved giring til fyrste gir hoppa kjedet inn i eikene. Eg fekk ordna det, men eg merkar at det trengs endå litt meir finjustering. Det er forståeleg at SRAM ikkje vil gå god for dette oppsettet, men det fungerer!

Eg sa at eg ikkje var sikker på at eg ville like sequential mode, og det stemte for så vidt. Den vil ikkje gire ned på lilleskiva før nest største tannhjul på kassetten. Men så slo det meg at eg kan jo framleis skifte gir framme manuelt. Eg hadde sett for meg at eg gav frå meg kontroll over framgiret, men det gjer eg jo ikkje. Då er det ingen grunn til å ikkje skru på sequential mode. Og då kan eg kanskje fjerne eit ledd til frå kjedet. Det er nokre gir som ikkje fungerer på lilleskiva slik det er no. Eg må berre satse på at eg aldri kjem borti den lille knappen på venstre hendel som skrur av sequential mode.

Fyrsteinntrykket er bra. Det er ingen delar på denne sykkelen som er søppel. Alt er DT Swiss, Zipp, SRAM Rival og karbonsetepinne. Til og med setet, som eg ikkje rakk å byte før prøveturen, viste seg å vere riktig bra.

Sykkelen er svært stabil. Det er enklare å slippe styret på denne enn på Domanen!

IsoSpeed saknar eg ikkje. Dei breie dekka kompenserer for det og vel så det.

Av kritikkverdige punkt har eg funne følgande:

  • Eg måtte sjølv montere dei tre metallkilebitane som skulle inn i ramma og fungere som setepinneklemme. Det var ikkje heilt enkelt å dytte dei på plass gjennom det lille setepinneholet og passe på at dei ikkje ramla ned i ramma. Bikeshop skriv at det einaste vi må gjere er å montere pedalar, framhjul og styre, men det stemmer altså ikkje.
  • Det er ubalanse i eit hjul som er veldig tydeleg i rask nedoverbakke. Håpar det berre er eit dekk som ikkje har kome heilt riktig på plass.

Berre småting, altså. Eg kan varmt anbefale denne sykkelen.

PXL_20240903_184607646.jpg.a468499497b44ed83f5ccd9761e6da8d.jpg

Å montere setepinne feste i ramma til Gavia terra uffff  det var ikke enkelt det .

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjå der, ja! Dette er i ferd med å bli riktig så bra.

Hittil har eg ikkje brukt aero bars så mykje som eg kunne ha gjort. Den hyppige giringa har gjort at eg heile tida kjem ut av aero-posisjonen. Ikkje no lenger! I dag kunne eg ligge i aero-posisjon bortimot heile tida, bortsett frå når det gikk bratt opp eller ned og i urbane strøk.

Det var akkurat dette eg var ute etter. Eg skal rotere blipa litt innover sånn at dei kjem der eg har tomlane mine. Blir litt meir ergonomisk.

Eg kjem til å la kjedet vere som det er. Ved giring opp til storeskiva fungerer nemleg sequential mode veldig bra, så eg er aldri nær den problematiske delen av kassetten på lilleskiva. Det trengs litt meir finjustering for å få alt perfekt, men det er ganske nært.

Ubalansen i hjula viste seg å vere refleksane. Så dei måtte av. No er det bra.

Eg må forresten få tak i nokre XD-boss og SRAM-kassettar så eg kan ta i bruk forumhjula og rulla.

PXL_20240904_174723849.jpg.b7df3a282e430b4d23697da6100553b0.jpg

  • Like 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 hours ago, Øyvindzen said:

Hvor brede er de Bluemel-skjermene du hadde et foto av tidligere i tråden? Er det plass til 55 mm i gaffelen?

Skjermane er 46 mm.

Med 40 mm dekk i gaffelen er det 14 mm klaring overalt. Det burde gå bra å auke dekkbreidda med 9 mm på kvar side, og ende opp på 58 mm (inkl. eventuelle knastar). Men det er utan skjermar. Det er ein festebolt inni gaffelbrua som må bort om du skal makse ut dekkbreidda, men det går bra sidan det også er festebolt framme på gaffelen.

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (13 timer siden):

Skjermane er 46 mm.

Med 40 mm dekk i gaffelen er det 14 mm klaring overalt. Det burde gå bra å auke dekkbreidda med 9 mm på kvar side, og ende opp på 58 mm (inkl. eventuelle knastar). Men det er utan skjermar. Det er ein festebolt inni gaffelbrua som må bort om du skal makse ut dekkbreidda, men det går bra sidan det også er festebolt framme på gaffelen.

Takk for svar, men spørsmålet mitt var dessverre dårlig stilt. Det jeg mente, var om du visste om det blir plass til Bluemel-versjonen som er 55 mm bred oppe i gaffelen. Det høres jo sånn ut, siden det er plass til så brede dekk. Med mindre det er noen buer eller hjørner oppe i gaffelen som kan tulle det til.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...