Gå til innhold

Min ultimate all-road N+1 killer


Anbefalte innlegg

torhovland skrev (3 minutter siden):

Starta med å fjerne 2 ledd (altså 4 halve ledd eller 4 tenner). Kjedet er framleis for slapt på små tannhjul. Og det ser ut til at eg kan fjerne eit ledd til.

PXL_20240903_054505347.jpg.593bbcc90e97cb0bea767c9561e79a5c.jpg

Her har du kjeden på stor-stor. Hvis du i sram appen setter opp som sequential shifting vil kjeden hverken havne på stor-stor eller liten-liten. 

  • Like 1

Scott Spark - Scott Lumen - BMC Kaius - Gavia Fat Tony  - Wahoo KickrBike Shift

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fjerna eit ledd til. No kan eg ikkje fjerne fleire om eg vil at drivverket ikkje skal bli øydelagt av stor-stor.

PXL_20240903_055325047.jpg.f2c2c3ba246f821a6c9a41a39921e5ca.jpg

Og eg kan no bruke det tredje minste tannhjulet på det lille drevet. Det er godt nok.

PXL_20240903_055629615.jpg.0968113b9e15d9c0836d24807d7892ab.jpg

Som @AtleR skriv, ved å bruke sequential shifting så unngår eg uansett desse ekstreme kombinasjonane. Men eg vil i fyrste omgang ikkje fjerne fleire ledd enn nødvendig. Eg er litt usikker på om eg kjem til å like sequential shifting. Det kan vere greit å manuelt gire ned til lilleklinga ved inngangen til ein bakke. Om det viser seg at sequential shifting er bra så kan eg kanskje fjerne eit ledd til dersom det er nødvendig for å få presis giring.

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bakgiret var allereie på plass, men eg brukte det på framgiret, ja. Men etterpå stemte ikkje posisjonen med hjelpelinjene på giret, og eg hadde heller ikkje dei nødvendige 1-2 mm avstand til storeskiva. Så eg justerte litt manuelt utan plastmal.

Eg måtte forresten også skru fast boltane til framgirfestet på ramma. Dei var lause. Obs til andre som eventuelt kjøper Gavia Terra.

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (36 minutter siden):

Eg skal bestille 3D-print av aero bar mounts for blips. Fleire som vil vere med på det? Eventuelt nokon her med 3D-printer som har lyst til å ta oppdraget?

https://www.thingiverse.com/thing:5335609

https://www.thingiverse.com/thing:5580747

Jeg er med på dette.  Jeg valgte å ikke montere blibs, for å få beveget armene litt fremfor å ligge konstant i bøylen.  Men så ble jeg så komfortabel at jeg kunne tilbringe time etter time der, og da skulle jeg ønske at jeg hadde blips. 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (1 time siden):

Eg skal bestille 3D-print av aero bar mounts for blips. Fleire som vil vere med på det? Eventuelt nokon her med 3D-printer som har lyst til å ta oppdraget?

https://www.thingiverse.com/thing:5335609

https://www.thingiverse.com/thing:5580747

Biblioteket har 3D printere på noen av avdelingene. Blant annet på Byåsen og hovedbiblioteket 

  • Like 1
  • Thanks 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

OK, veit du kva? Vi tek heller desse:

https://leapcomponents.com/product/wireless-blips-tt-mounts/

eller

https://leapcomponents.com/product/sram-wireless-blips-45-degree-tt-mounts/

Om du sender meg detaljar på kva du vil ha, så kan eg bestille. Dei har ein del anna kult, så eg skal spørre i ein ny tråd om andre vil vere med.

EDIT: Vent litt med dette, må prøve biblioteket fyrst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (1 time siden):

Eg skal bestille 3D-print av aero bar mounts for blips. Fleire som vil vere med på det? Eventuelt nokon her med 3D-printer som har lyst til å ta oppdraget?

https://www.thingiverse.com/thing:5335609

https://www.thingiverse.com/thing:5580747

Skriver disse ut nuh, i polykarbonat, på Bambu X1E.  3 timer.  

Doneres bort, kan hentes i Stiklestadveien 1, Trondheim, eller overtas på annet vis. 

  • Like 1
  • Thanks 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

@ØysteinS er dagens helt! Ikkje berre fiksa han dei her, han har også funne den espresso-kaffen eg har leita etter så lenge 🎉

Dersom desse blipsfestene fungerer bra skal eg spraymale dei svarte.

@Sveinung1 Då blir det dessverre ikkje noko bestilling, men eg skal rapportere tilbake kor bra desse fungerer, så kan du eventuelt få printa dine eigne.

PXL_20240903_121644381.jpg.348489041af24c62e49a5c080eec0666.jpg

  • Like 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (2 minutter siden):

@ØysteinS er dagens helt! Ikkje berre fiksa han dei her, han har også funne den espresso-kaffen eg har leita etter så lenge 🎉

Må melde at det er litt synd at Storm Kaffe ikke er mer berømt. Noen ganger i måneden får vi 15kg levert på døra, med salig blanding av alt mulig, pluss Fløyel Espresso, som Tor fikk noen slurker av.   Åpent utsalg hver torsdag etter kl 15:00, i Trondheim, dessverre er ikke kaffen hans å få kjøpt særlig mange plasser, tross for kvaliteten han leverer.

  • Like 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag dukka det opp ein venstre wide 170 mm krankarm med effektmålar, så då var det berre å få montert sykkelen og kome seg ut på ein prøvetur.

Eg har aldri før hatt ein sykkel som både har hatt riktige gir ned Byåsvegen og (stort sett) riktige gir opp Driftsvegen (med kneiker på 18%). Artig! Likevel hadde eg brukt både tyngre og lettare gir om eg hadde hatt det. Til Badlands og sånt trengs det heilt klart lettare gir.

Eg måtte stoppe og justere bakgiret meir. Både B-skrue, limit-skrue og finjustering i appen. Ved giring til fyrste gir hoppa kjedet inn i eikene. Eg fekk ordna det, men eg merkar at det trengs endå litt meir finjustering. Det er forståeleg at SRAM ikkje vil gå god for dette oppsettet, men det fungerer!

Eg sa at eg ikkje var sikker på at eg ville like sequential mode, og det stemte for så vidt. Den vil ikkje gire ned på lilleskiva før nest største tannhjul på kassetten. Men så slo det meg at eg kan jo framleis skifte gir framme manuelt. Eg hadde sett for meg at eg gav frå meg kontroll over framgiret, men det gjer eg jo ikkje. Då er det ingen grunn til å ikkje skru på sequential mode. Og då kan eg kanskje fjerne eit ledd til frå kjedet. Det er nokre gir som ikkje fungerer på lilleskiva slik det er no. Eg må berre satse på at eg aldri kjem borti den lille knappen på venstre hendel som skrur av sequential mode.

Fyrsteinntrykket er bra. Det er ingen delar på denne sykkelen som er søppel. Alt er DT Swiss, Zipp, SRAM Rival og karbonsetepinne. Til og med setet, som eg ikkje rakk å byte før prøveturen, viste seg å vere riktig bra.

Sykkelen er svært stabil. Det er enklare å slippe styret på denne enn på Domanen!

IsoSpeed saknar eg ikkje. Dei breie dekka kompenserer for det og vel så det.

Av kritikkverdige punkt har eg funne følgande:

  • Eg måtte sjølv montere dei tre metallkilebitane som skulle inn i ramma og fungere som setepinneklemme. Det var ikkje heilt enkelt å dytte dei på plass gjennom det lille setepinneholet og passe på at dei ikkje ramla ned i ramma. Bikeshop skriv at det einaste vi må gjere er å montere pedalar, framhjul og styre, men det stemmer altså ikkje.
  • Det er ubalanse i eit hjul som er veldig tydeleg i rask nedoverbakke. Håpar det berre er eit dekk som ikkje har kome heilt riktig på plass.

Berre småting, altså. Eg kan varmt anbefale denne sykkelen.

PXL_20240903_184607646.jpg.a468499497b44ed83f5ccd9761e6da8d.jpg

  • Like 8
Lenke til kommentar
Del på andre sider

53 minutes ago, ØysteinS said:

Skal bættre skrive ut en svart versjon, også, i morgen. Føler at jeg har begått en urett, ved å skrive ut hvit plast.

Det går fint for meg å spraymale dette, altså. Men det kan jo hende at @Sveinung1 kunne tenkt seg eit eksemplar også, så om det er enkelt å køyre ut to par av den typen med kile og bolt så hadde det vore suverent.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (17 minutter siden):

Det går fint for meg å spraymale dette, altså. Men det kan jo hende at @Sveinung1 kunne tenkt seg eit eksemplar også, så om det er enkelt å køyre ut to par av den typen med kile og bolt så hadde det vore suverent.

Jeg vil gjerne ha!! Akkurat det estetiske med å teipe de på siden av bøyler trakk også ned lysten min på å montere blips .

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...