Gå til innhold

Min ultimate all-road N+1 killer


Anbefalte innlegg

Eg er eigentleg veldig glad i min Trek Domane. Den er stabil, komfortabel, og passar meg bra. Den fungerer også ganske bra som all-road, altså både som landevegs- og grussykkel.

Men den har nokre svake punkt:

  • Den er ganske tung, mykje på grunn av IsoSpeed demping, som uansett er så subtil at eg ikkje kan vite sikkert om det i det heile tatt er noko demping der. Men eg sa jo at sykkelen er komfortabel, og IsoSpeed har sikkert ein del av æra for det.
  • Den har ein ganske avslappa geometri. Igjen så gjer det sykkelen komfortabel, men eg tenkjer eg kan forsøke noko som er eit hakk meir aggressivt.
  • Eg er stadig på jakt etter større spenn på utvekslinga. 50/11 er OK som toppgir, men 34/36 er ikkje lett nok.
  • Mest av alt, eg har ønska meg å kunne gire frå aero bars, og då er det ingen annan utveg enn å konvertere til elektronisk giring.

Eg har alltid brukt Shimano. SRAM sin fetisj for 1x har ikkje appellert til meg. Men denne tråden har fått meg til å revurdere SRAM. Særleg då @AtleR viste at det går an å få eit veldig bra, usupportert 2x-oppsett til å fungere, nemleg XPLR-kassetten 10-44 i kombinasjon med ein todelt krank. Om eg veljer 46-33 får eg det same toppgiret som før, og eit mykje lettare 33/44. For å vere ærleg skulle eg gjerne hatt endå større spenn. Eg havnar ofte på svinbratte kjerrevegar i skogen, og då skulle eg gjerne hatt 30/51, som eg har på terrengsykkelen. Samtidig skulle eg gjerne hatt 48/10 på landevegen. Det hadde vore fint om det gjekk an å få eit Eagle-bakgir til å fungere med 2x, men så vidt eg kan sjå er ikkje dette noko som folk har suksess med. Derimot er det mange som har fått det til med XPLR, så då får vi nøye oss med det. Det blir uansett bra.

Ved å rekne litt på det kom eg fram til at eit SRAM AXS Apex/Rival gruppesett med blips for aero bars vil koste 17-18 tusen. Det synest eg blir litt i overkant for å oppgradere ein sykkel. Spesielt når det går an å få (nesten) alt saman i form av ferdig sykkel til 25 tusen. Og særleg når det viser seg at dette i seg sjølv er ein svært lovande sykkel, med ein spesifikasjon som lett kunne ha kosta det dobbelte. Det dreier seg om denne Gavia Terra LTD frå Bikeshop:

image.png.fd6c076d02376abbb162a76886fee4a6.png

Ferdig modifisert skal denne sykkelen bli ein heilt fin landevegssykkel, ein glimrande grussykkel, og den skal kunne klare seg fint i alle slags ritt som foregår på asfalt og grus. Det inkluderer Bright Midnight, Mother North, Badlands og Transcontinental Race.

Det kan godt hende eg monterer Redshift suspension stem og setepinne på denne. Det skal eg vurdere etter å ha prøvd den på grov kjerreveg.

Den manglar todelt krank og framgir, så det har eg bestilt i tillegg. Kranken som står på originalt er wide. Eg kan kjøpe todelt wide også, men berre om eg vil ha 43/30. Dei større krankane finst ikkje i wide.

Men som det blir påpeika i tråden nemnt over, så er det berre krankakslingen som er forskjellig. Så om eg kan finne ein annan krank som er wide, så kan eg bruke venstre krankarm + aksling frå den. Eg kunne jo ha brukt den originale venstre krankarmen, men den er 175 mm og eg har bestilt 170 mm krank.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å bruke 45 mm dekk på denne sykkelen, men det er jo greit å ha anledning til det. Så eg får bestille eit wide framgir og ein ny krank. Men kva blir lurast her? Skal eg berre kjøpe ny 175 mm krank så eg kan bruke den originale krankarmen? Skal eg kjøpe ein wide 43/30 og eit sett med 46/33 krankhjul? Kor får eg tak i det? Eller skal eg kjøpe ein wide 1x krank i 170 mm, byte ut venstre krankarm, og selje ein ubrukt non-wide 1x krank? 

  • Like 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er fristet av denne selv. Vurderte du f.eks. Canyon Grizl med Apex AXS som alternativ?

Syklene er kanskje ikke helt overlappende i optimalt eller tiltenkt bruksområde, men fikk inntrykk av at du var ute etter en OK passende sykkel med riktig gruppesett fremfor å finne riktig sykkel med riktig gruppe. Grizl er et par tusen dyrere, men har andre kvaliteter og er verdsatt høyt av mange.

Ville du sett på det som aktuelt å bruke denne på Bright Midnight? Eller har du andre ritt du ser for deg å bruke den?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

26 minutes ago, Fivestage said:

Vurderte du f.eks. Canyon Grizl med Apex AXS som alternativ?

Nei, eigentleg ikkje. Eg såg berre etter ein sykkel med AXS, og det såg rett og slett ikkje ut til at noko kunne måle seg med den til Bikeshop. Grizl ser bra ut, men det er altså Apex. Ikkje minst er det 11-44 kassett og ikkje 10-44.

Begge syklane kan bli veldig bra til Bright Midnight. Men berre etter konvertering til 2x og dermed lågare utveksling 😃

  • Thanks 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har forresten bestilt litt meir deler i dag. Eg fann ut at sidan eg likevel treng ein venstre krankarm med aksling kan eg like godt ta den som har wattmålar. Og så eit wide framgir. Og så oppdaga eg at SRAM ikkje synest vi fortener å få med batteri når vi kjøper gir (!), så der tynte dei meg for ytterlegare kr 750. Mange av butikkane nemner ikkje dette, og produktfotoet har vitterleg batteri med, så det er rimeleg sleipt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (8 timer siden):

Nei, eigentleg ikkje. Eg såg berre etter ein sykkel med AXS, og det såg rett og slett ikkje ut til at noko kunne måle seg med den til Bikeshop. Grizl ser bra ut, men det er altså Apex. Ikkje minst er det 11-44 kassett og ikkje 10-44.

Begge syklane kan bli veldig bra til Bright Midnight. Men berre etter konvertering til 2x og dermed lågare utveksling 😃

Bare så det er klart så støtter apex 10-44, det er bare å selge kassett og hjulsett på finn + kjøpe nytt (trenger xdr til 10-44)

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skrev jo i den andre tråden mht mitt bytte fra Rival krank til Force krank at jeg fikk tak i en Force wide venstre krankarm m/aksling. Kjøpte den på Finn til god pris og det er en del som legger de ut på Finn, oftest da uten wattmåler for antar grunnen til at de selger venstre krankarm er at de selv kar kjøpt watt krankarm og da ikke trenger den orginale. Så de kan fort bli det billigste, men sjekk da i forkant både lengde krankarm (jeg kjøpte også 170 mm) og om at det er Wide. Ellers kjøpte jeg også nettopp ekstra AXS batteri på Finn til mye finere pris en det som de selges for på Bikeshop m.m. Som jeg også nevnte i den andre tråden også. Skulle du bli med på BM og/eller MN så vil du ikke angre på 43-30 krank. Tipper du fort vil angre på det motsatte så fremt du er  råsterk i motbakker. I nedoverbakker så handler det om hvile likevel og på flatene sjelden du ligger over 30 km/t på slike ritt. Sjelden jeg ligger over når jeg ikke sykler ritt også he he. 

Den Gavia sykkelen virker som en veldig god sykkel for pengene så den blir du fornøyd med.

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 minutes ago, Oddefa said:

Skulle du bli med på BM og/eller MN så vil du ikke angre på 43-30 krank.

Ja, om eg skulle ha køyrt standard SRAM 2x med 10-36 kassett, så ville det heilt klart blitt 43-30. Men litt av poenget med "prosjektet" her er å få høgare spenn på utvekslinga, det vil seie at eg får lågare gir enn 30/36 samtidig som eg får behalde noko som tilsvarar 50/11. Sykkelen skal bokstavleg talt vere "all-road" og dermed også erstatte ein rein asfaltsykkel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja forstår den. Men har en 2 kranker (slik jeg har nå) så kan en jo bare bytte krank etter behov og ha 2 kjeder tilgjengelig. Var veldig lett å bytte krank selv for en mindre god sykkelmekaniker som meg. Og justere krankgiret etter drev/kranken gjorde jeg bare på sparket + noen sekund Youtube-titting. 

  • Like 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sun Flyer skrev (23 timer siden):

Velkommen i Kinarammeklubben 🙂

Sveinung1 skrev (23 timer siden):

Hvilke merker er i realiteten IKkE medlem her?

olve skrev (22 timer siden):

Du kan jo høre med de som anerkjenner Taiwan som en egen stat 🙂

Du meiner Republikken Kina til skilnad frå Folkerepublikken Kina?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

torhovland skrev (2 timer siden):

Om det nokon gong blir aktuelt med Badlands så låner eg din 43-30 😃

Evt jeg blir med deg og så tester vi krankene opp i mot hverandre. Badlands er vel det rittet utenlands som frister mest for liker virkelig det området. Syklet Sierra Nevada for 2 år siden og var da også innom noen grusveier med racer. Og når jeg så Vuelta etappen på søndag fikk veldig lyst å dra tilbake dit og da er jo Badlands god grunn til å dra dit. Går startnr med en gang der slik at en må sitte parat på pc når de legges ut ? Har tenkt å legge den på minne for 25 eller 26. Kan ikke vente for lenge heller, blir fort for gammel til å drive med ørkenklatre-sykling i flere dager. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 minutes ago, Oddefa said:

Evt jeg blir med deg og så tester vi krankene opp i mot hverandre.

Avtale! 😄

Eg har ikkje sjekka opp korleis påmeldinga er der. Eg har den ikkje på blokka for 2025, men det kan endre seg om eg ikkje får plass på TCR.

Alderdom er irriterande. Akkurat når ungane er store nok til å klare seg sjølv så er ein blitt for gamal til å henge med på tøffe eventyr.

Neida, alder er berre eit tal!

  • Like 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...