Gå til innhold

dothtm

Medlem
  • Innlegg

    12
  • Ble med

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

dothtm sine prestasjoner

Utforsker

Utforsker (4/14)

  • Bidragsyter
  • Ett År Gjennomført
  • Første Innlegg
  • Konstruktiv
  • Dedikert

Nylige merker

29

Nettsamfunnsomdømme

  1. Det er berre spekulasjon, men eg har innimellom lurt på _kven_ som designer damekolleksjonene og om dei har kompetanse på gjennomsnittleg damefasong... Eg har i allfall alltid tenkt at min overkropp er nokonlunde proporsjonal med underkroppen, men i sykkeltøy-verden er det ikkje lenger sånn 😅 Castelli er ein av dei som er veldig "italienske" i sitt tøy for underkropp (og ofte med lite flatterende shortslengder). For overdeler, jakker og trøyer, så opplever eg at dei meir "standard" ift størrelser, og tildels nesten litt store. Generelt så har det blitt utruleg mykje bedre utvalg berre dei siste få åra, heldigvis! Men best på nett -- den typiske lokale sykkelbutikken er framleis veldig dårleg på å ta inn tøy for damer, og i såfall kun low-end modellene... 🙄 Eg berre gjetter her no: Kan det ha vært ein Giro-bib? Prøvde ein slik på i 1 minutt i butikk før den havna i NOPE!-haugen 😂 Enig: Det er mange sykkelfrelste damer der ute med høg betalingsvilje og lite å bruke pengene sine på! 💸
  2. Høyres ut som ei oppgåve for Komoot! 😂 Den går vi for, med akklamasjon! 👏 ( King-Of-the-Mountain blir jo uansett feil på fleire måtar 🙂 )
  3. Hei @Fru.Tipp! Eg er og ein av dei med skapet fullt av dametøy! 😅 No er jo dei fleste rumper som snøfnugg, det vil seie unike, og det som funker for meg kan hende ikkje funker for deg, og så videre! Når det gjeld tissestopp-biber så var Velocio lenge dei einaste som hadde ei løysing som ikkje baserte seg på diverse hasper og spenner som krevde Houdini-akrobatikk for å få på plass igjen (eg ser på deg Assos T.laalalai...). FlyFree-systemet funker bra når ein får inn teknikken! Velocio-bib'ene har dog litt andre bakdeler (heh) som den nettingen framme og krysset bak -- eg har syferdigheter og endte opp med å modifisere alle (sju...). Har i seinere tid sett fleire som kopierer systemet uten at eg har prøvd dei sjølv. Eg er nysgjerrig på tøy frå NGNM (https://nogodsnomasters.life) som har lignende quickstop-løsning på nokon bib'ene sine, men ikkje dratt kortet enno. Framstår som eit sympatisk brand! 🙂 Det er fleire andre merker med samme "dra-ned"-konsept, men syns priser over 3000 kr er for drøyt og velger å stå over. Snakk om pink tax... Men av og til er det enklaste det enklaste og ingen tisseløsninger er enklere enn ein biblaus shorts! 😄 Mange er skeptiske til at shortser uten bib strammer over magen og eg _har_ opplevd å få forbigåande mageknip etter ein litt for stor lunsj undervegs på langtur. Eg vel å sjå på det som ein lærepenge om ikkje å styrte nedpå tre vafler på rappen 🙈 Mine go-to's er Assos Uma shorts uten bib, som kjem i både standard og long-leg variant. Denne shortsen er _forbausande_ billeg ift kvalitet på stoff, søm og pute (men meir truleg så er det alle andre brands som er uforskamma dyre). Dei har og ein Uma bibshorts med magnetspenner bak, nevnt tidlegare i tråden. Designet er meir brukervennlig enn den forrige spenna på magen, men brent barn etc... Min overall favoritt-shorts er Assos Dyora RS; dette er ein bibshorts uten tisseløsning, men måten den er sydd på gjer at den held seg på plass utan å ha på stroppene og eg har ofte berre latt være å dra stroppene opp. Så det kan hende stroppene klippes av ein vakker dag... Både Velocio og Assos har generelt breide og tjukke puter, noko eg syns funker bra for langturer. Ingen shortsar eg har prøvd så langt slår følelsen av å dra på seg Dyora'en ✨ Cafe du Cycliste har og fine/gode shortser, med og utan tisseløsning -- eg liker Celine, shorts uten bib, og har hørt gode ting om Elsa, cargoshorts uten bib. Varianten med halterneck (bib med tisseløsning) har eg ikkje prøvd, men eg er skeptisk og er redd for å bli sliten/få vondt i nakken på langtur. Opplever at CdC-putene er litt enklare/tynnare enn Assos og Velocio sine, men personleg så syns eg at dette funker bra for kortare turer (<4t) eller hardøkter. Le Col er eit anna merke utan tisseløsning, men dei har og shortsar utan bib. Som nevnt tidlegare i tråden så er LeCol _veldig_ generøse med rabattar, levering på to dagar (til oslo) og aldri mva-krøll. Eg liker fargene og at dei har lange bein. (I motsetning til foreks Castelli som eg opplever er meir som "hotpants"). Litt tynnere og smalere puter enn Velocio og Assos, og er typisk shortser eg velger til kortere turer, pendling eller hardøkter. Ellers i bib-skuffen er det litt innslag av rimelege bibar frå Nalini, Trimtex og Alè, kjøpt anten pga klubb eller gøyalt mønster, og desse oppleves som ganske enkle i materiale og finish, men heilt eigna for kortere eller meir intensive økter på sykkelen. (Bibene frå Pearl Izumi og hot-pantsene frå Castelli har derimot havna i bomkjøp-kurven). Overdelar er heldigvis mykje enklere og her duger omtrent det meste! Sidan ull allereie har blitt nevnt så vil eg og slå eit slag for Velocio sine Concept merino-trøyer. Har fleire av desse og er veldig fornøyd. Har så langt ikkje fått hull i stoffet slik som ein alltid får i vanlege merinotrøyer. Passformen er god og minner meir om teknisk trøye enn friluftstrøye. Baklommene er stødige og sig ikkje sjølv om dei er stappa fulle av bananer, barer, vest, mobil mm. Tørker og fort opp etter overraskande øspøsregn og held seg ganske så freshe sjølv etter 14 dager på tur! (relativt) Eg har og eit par langerma trøyer som er varmere enn trøye+ermer no når hausten kjem. Saman med ein tynn vindvest så kan ein vere både varm og tørr på ein gong. Eg har frå Velocio og LeCol, sistnemnte med litt pus inni. Begge handla med god rabatt 🙂 Castelli Perfetto-jakken har og vore nevnt i tråden og eg er heilt enig; Perfetto'en er _perfekt_ for meg for alt mellom 4 og 14 grader. Pga vindstopper-membranen (goretex infinium i nye modellar) så puster den bra og du slepp å bli kald av din egen kondens. Generelt syns eg samtlege membran-jakker frå Castelli er veldig gode med superb finish, passform og premium tekstil 👌 Dei har og jakker som går enno kaldere, foreks har eg Castelli Mortirolo som går (for meg) til nokon minus. Til vinteren i fjor kjøpte eg ei nokså rimelig og veldig pendlergul vinterjakke, Gore Tempest, med windstopper og fleece innvendig, som for all del er ei _bra_ jakke, men sjølv om det er identisk tekstil, så gir den meg litt mindre million-bucks følelse enn Castelli... 🤷‍♀️ (Sei frå om vintersykling blir aktuelt, der er bekledning ein litt annan greie! 😄) Merkene eg har nevnt over her har eg tøy frå i damespesifikke modellar og eg syns sjølv at dei er flatterande ift snitt og typiske dameformer. Dei har og eit adekvat utvalg av tøy for damer, sjølv om eg syns Assos har litt snevert utvalg av bibshortsar og av ein eller annan grunn har ikkje LeCol sokkar for føtter < str 39. Velocio derimot gode på hansker og sokker i små storleikar, også ullsokkar! Prisane er heller ikkje avskrekkande (samanlikna med det som er "in" om dagen) og ein kan ofte finne gode salg om ein følger med. Finn og Tise er og ein moglegheit! Dette blei ein liten stil, gitt, men du er altså ikkje åleine i søken etter damespesifikt sykkeltøy som funker, ser bra ut og ikkje koster eit bein og ein arm... 😅
  4. Oi, @hardrock, Carretera Austral på sykkel høyres kjempegøy ut! 🙌🤩 Det er allerede nevnt mange gode poeng som eg er einig i, men eg kan ikkje dy meg for litt repetisjon 😇 Ein ting eg vil nevne er at det kan vere lurt av deg og venninna di å forventningsavklare litt rundt kva slags tur dette skal bli. Turkonseptet vil truleg påvirke ditt valg av både sykkel og pakkvesker. Eksempelvis: kva er typisk distanse pr dag, forventa snittfart, glamping vs "bivvy" når det er for langt til innendørs overnatting, etc. Det kan jo være ein demper for stemninga om ein av dere dukker opp med touringsykkel lasta med 30 kg i digre panniers, mens den andre prioriterer aluminiumsfolie-bivvy, aerosokker og tempobøyler... Eg road trip'a Chile på langs, frå sør til nord, i 7 veker i 2015 i eit skikkelig vrak av ein kina-varebil (den var Made in China, faktisk) og den verste vegstrekninga var den gang var ikkje på Rute 7, men eit stykke sør for El Chalten (8 mil med vaskebrett), og all anna grus etter det opplevde eg som heilt uproblematisk, i allfall ikkje minneverdig. Rett nok eit litt anna perspektiv frå bilsetet og som ikkje-syklist (enda), men med velbegrunna bekymring for at bilen skulle ristes i stykker 🙂 Viss du bruker google-mannen til å street viewe veidekket på R7, så er det verdt å notere seg årstallet bildene (sjå i boksen oppe til venstre). Det som var grusveg i 2014 kan godt ha blitt asfalt i 2025. Det var mykje vegarbeid og asfaltering då eg var der, samt sitat frå lenka di til Rolling Existence: "There was a lot of road construction going on when we were there in 2017, so there will likely be more pavement in the future." Her er ei liste med mine prioriteringer basert på det eg såg og hugser frå den turen (eg ønsker meg tilbake! 🥰) og det turkonseptet som eg føretrekk: Raskt, lett og minimalt => Mindre slit pr km og meir energi til å nyte eventuren! Bruke (og tilpasse) ein sykkel eg allerede har og som passer meg godt. Pakka inn i masse tape for å prøve å beskytte lakken (funker så-dær!) Så lav rullemotstand som mogleg med dekk type GP 5000 32mm, satt opp tubeless. Min erfaring er at det stort sett er rytteren som er begrensingen og ikkje dekkene når det gjeld å komme seg fram på grus... Blir det for teknisk (laust&bratt) for så ville eg truleg dytta sykkelen forbi det aktuelle strekket, knastedekk eller ei. Vaskebrett er dog ubehagelig uansett dekk, i mi meining! (Viss du likevel syns slicks virker for drøyt, så ville eg sett på Conti Terra Speed i 40mm, satt opp tubeless, sjølvsagt 😉) Så aero som mulig -> for å minimere vindfanget! Vanskeleg å overdrive kor heftig Patagonia-vinden er. Typisk stødig sterk vestlig, med deilige kast. Mest vind i sør, mindre jo lenger nord ein kjem. Så, forsøk å unngå sidevesker/panniers så langt det går, evt ha så små (bak) som mogleg. tempobøyler -> uvurderlig i motvinden, og generelt veldig deilig å ligge å cruise i (så lenge setet ditt passer deg godt, test ut før avreise...) Eg ønsker meg tempobøyler på alle mine sykler 😄 Tailfin Rack -> som nevnt over, har du først begynt å tenke tanken så er det ingen veg utenom..! Eg gjekk for aluminium rack (med long seat stay pga liten ramme) uten pannier mount, men med mulighet for å skru på cargo cages. Separat AP Rack top bag, fordi det er så upraktisk å måtte ta med heile sykkelen inn i teltet... Elektronisk giring -> Eg har blitt svikta av mekanisk gir i nordnorsk rekordvåt "sommer" i '22 og sverger no til elektronisk (SRAM AXS, som du veit 😉 Eg får varsel på edge'n når batteriet bikker under 25% (i tillegg til lysindikator på skifteren) og har på to sykler aldri opplevd å bli overraska... (kun på zwift om vinteren 😅) Vanskeleg å måle om eg får 60 timer, men får lett 1000 km pr lading. Verdt å merke seg at så lenge sykkelen er i bevegelse så er shifteren "våken", så ved transport pleier eg å ta ut batteriet. Viss du får vesentlig mindre rekkevidde enn dette ville eg sjekka firmware, kanskje du mangler ein oppdatering eller to? Eller så kan du ha rett i at det er ein defekt enhet. Andre betraktninger: Telt & kjøkken -> Igjen så kjem det ned til kva slags konsept ein ønsker. Viss du og venninna skal sykle sammen heile tida, så er det jo fint å kunne dele på 1 telt og 1 kjøkken. Med sykkelvesker er det gjerne volumet som er begrensingen, og ikkje vekten (med panniers får du vel plass til alt inkl. kjøkkenvasken 😄) Min teltanbefaling er adekvat plass innvendig til at begge kan sitte oppreist og evt ta på seg ein genser uten å albue den andre i ansiktet. Mange tunneltelt feiler på denne... Lett & romsleg må heldigvis ikkje vere motsetningar! Men lett & romsleg & vindbestandig blir fort dyrt... Den sørlige delen av ruta har mindre vegetasjon og meir vind, så her kan det vere lurt å vurdere ruta, avstander, andre overnattingsmuligheter og vindutsatthet før valg av telt. Sidenote for spesielt teltinteresserte: Har brukt Gossamer Gear The Two (600gr + stenger + plugger~200gr) på langtur i typisk norsk dritsommervær. Ikkje turt å bruke det i vind, det framstår skjørt og det er mykje strekk i stoffet (silnylon) som gjer det krevende å få bardunert godt. Har no nylig gått til innkjøp av eit Durston X-mid Pro 2+ som eg har større tillit til, men det koster enda litt meir enn ein Tailfin... 😅 Eg synes z-flick-stavene ser for volumiøse ut for pakksykling; har brukt vanlige (ekstra smale) teltstenger kutta til rett lengde med GG'en, og kjem til å fortsette med det (eller gåstaver viss fottur). Kjøkken -> kokekaret er det elementet i bagasjen som er vanskeligst å komprimere og få til å passe i div. sykkelvesker. Igjen, tenk på konseptet: Er telting ein del av opplevelsen eller kun til nød? Kan ein beregne å spise varm middag på serveringssted undervegs ila dagen, og noko kaldt/enkelt til kvelds? Cold soak-havregrøt til frokost er enkelt og digg, men treng du å koke kaffe i tillegg? (pro tip: nescafe gull funker også med kaldt vatn, men nokon meiner det er mindre "kos" 🤷‍♀️) Er det nok med eit lite kokekar til å varme vatn til real-middagar eller skal dere kokkelere i større gryte? (Har god erfaring med sammenleggbar gryte frå Sea to Summit, flat nok til rammeveske). Ushuaia / Tierra del Fuego -> Min road trip starta i Punta Arenas, men eg drog aldri ut hit så eg veit ikkje kva eg gjekk glipp av (Eller om! Eg prioriterte fotturer i Torres del Paine og området rundt El Chaltén). Men avhengig av vind & vær, som ein kan forvente ein del av så langt sør, så ville eg vurdert sykkel ein vei og buss den andre. Spansk -> det er berre å laste ned duolingo med ein gang 😅 Avslutningsvis, du ba om eit bilde! Her er min eventur-doning, Liv Brava '18 i str S (48ish?) frå Norge-på-langs-tur, bagasjevekt er ca 10 kg eks drikke. Alu-ramme, med oppgradert gruppesett og hjul. Konseptet for turen var "Rask, med telt for frihet til å stoppe når det passer oss". Rammeveska er full av kjøkkenutstyr, gass og elektronikk, mens mannen har teltet. På styret er det ein Burrito-bag med quilt og dunjakke. Regntøy, armer&bein, skotrekk i Cyclite'n (mykje brukt, dessverre). Tempobøyler. Heimesydd mulebag. Verktøy og div i utstyrsbottle på downtuben. Klede (i kompresjonsbag), liggeunderlag, joggesko, toalettsaker i tailfinen, som er montert høgt på setepinnen for å få plass ift setet. Bagen føles meir som 10L enn 20L, men er iallfall grei å pakke og få tak i ting gjennom dagen. Også veldig fin til å henge klesvasken til tørk på! 😄 Takk for ein veldig gøy tråd! 💐 Morsomt å få ein anledning til å grave fram i gamle reiserapporter og draume litt her på ein ellers trist og øspøsende julidag...
  5. Eg har tenkt ein del på MN, men ideelt sett så kunne tidsfristen gjerne vore 1 dag ekstra. Med 6 døgn, altså 144 timer, og døgnetapper på i snitt 160km / 2700hm (truleg nokon lenger etapper gitt moglegheiter for overnatting/proviantering) så spørs det om ein har muligheten til å nyte at "ruta handlet mest om å sykle gjennom fin natur"..! For min del, med mine små damewatt, så vil langturer med så mykje klatring (17 høgdemeter pr km) typisk ende på rundt 20-22 km/t i snitt. Konservativt, sei 20 km/t. Med 20km/t i snitt trengs det då 48 timer å sykle ruta. Og så har eg sansen for Lachlan Morton sin Tour Divide-strategi om minst 12 timer kvile pr 48 timer, som blir i snitt 6 timer kvart døgn. Så regnestykket foreløpig er då 144 timer minus 48t sykling minus 36t soving, som gir 60 timer til "faff" og dilldall... Hmm...!! 🤔💡
  6. Hei @powerwolf! Er dette ein liga for menn? 🙂 (Grattis med lansering av kult konsept!)
  7. Whoop! 🎉 I og med at sykkelen har så lite bruk av tidlegare eigar så er det ikkje urimeleg å tenke at bakskifteren kan trenge litt justering. Youtube er din (og min) venn her! SRAM Tech og fleire andre har gode videoer på justering av bakskifteren. Denne er veldig nyttig: https://www.youtube.com/watch?v=Bx-kB7rNFJQ&t=251s, Min erfaring er at "rasling" midt på kassetten ofte løysest med mikro-justering -> "micro adjust", dette gjør du ved å trykke på dei to knappene på hendlene (sjå demo i video). Opplinjeringen skal ikkje vere perfekt sentrert, men ørlite forskyvd, eitt-to mikroskift, utover på kassetten (mot tyngre gir). Sjekk at Limit-skruene er riktig innstilt, det er desse som passer på at skifteren ikkje går forbi letteste gir på kassetten (high limit) eller tyngste gir (low limit). Ellers kan du sjekke B-skruen -> at avstanden (Chain gap) mellom øverste jockey-hjul ikkje er for langt unna, ei heller for nært, kassetten. Denne videoen er nyttig: https://www.youtube.com/watch?v=FGCvSttI89s&t=21s Eg nevner to ting til som dog er mindre sannsynlige problem siden du har problem på 3. ring og ikkje i topp/bunn av kassetten, men viss ikkje verken mikrojustering eller justering av high/low limit eller b-skruen funker så: - Dobbelsjekk kjedet: det må vere flat-top kjede beregna for 12speed og ikkje for langt/kort (og ikkje slitt) - Girøret kan vere bøyd. Stort sett kun eit problem i topp/bunn, men kan definitivt gi rasling i midten (fordi micro-justeringen då også er off) Og avslutningsvis: SRAM Force etap AXS er kjent for å være raslete og lager ganske mykje meir lyd enn det e.g. shimano gir gjer! Eg tenker ikkje lenger på det, utover at det er ein nyttig påminner på at kan være tid for ny runde i voksgryta 😄
  8. Her er ein nyttig hugselapp (evt haiku) for korleis skilje mellom AI og ML: Den står seg, sjølv 7 år seinere 🙂
  9. Tubeless er gøy! Ser fram til den tråden 😄👍 Tipper det vil gå veldig greit med 36:36! Kan og vere lurt å sjekke bremsene før du reiser i tilfelle klossene bør skiftes (har lært at det som går opp etterkvart må ned att 📈📉🚴‍♀️ 🤓)
  10. Grøss! Det er ein annen fordel med Sram AXS: om du går tom for strøm så blir skifteren i allfall stående der den var..! 😅 Eg trur og du gjer lurt i å få sykla litt først og få erfaring med korleis oppsettet som det er fungerer for deg og din bruk. Berre å glede seg til tørre vegar...😌
  11. Hei @hardrock, grattis med ny (brukt) sykkel! Eg har litt erfaring med å bygge / bytte rundt på SRAM etap AXS komponenter, med etap AXS på både racer og blandeveissykkel. Det nyttigaste verktøyet for meg for å planlegge drivverks-konfigurasjon til ulik bruk, er gir-kalkulatoren på https://ritzelrechner.de. Den kan vere litt overveldande i begynnelsen, men i hovudsak handler det om å stille inn riktig hjulstørrelse; sette rett antall tenner på drev foran (1 eller 2 "sølv" drev). Du kan bruke dropdown-boksene som "snarveger" eller dra rundt på ringene manuelt. og største og minste antall tenner på kassetten (i svart). Sett display-dropdownen til "speed" og pass på å huke av for km/t I den "linjal"-grafikken øverst ser du då, ring for ring, drev for drev, farta du kan (teoretisk) holde for den giringa for valgfri kadens (slider nede til venstre). Eg har brukt kalkutaloren primært til å finne ut to ting: Er det lette nok gir opp bratte bakker: kva er det sakteste ein kan sykle i km/t (uten å velte)? I kalkulatoren: gitt kadens på 60, i minste drev foran og største ring på kassetten, kva blir då km/t? Sjå lengst til venstre i grafikken. Høge nok gir på flata/nedover: kva er det raskeste i km/t ein kan sykle før ein spinner ut? I kalkulatoren: gitt kadens på 90, i største drev framme og minste ring på kassetten, kva blir då km/t? Sjå lengst til høgre i grafikken. I ditt tilfelle med 36T drev og 10-36 kassett så ser vi at: ditt letteste gir 36T-36 @ 60 kadens gir ei minimumsfart på 7.8 km/t, mens ditt tyngste gir 36T-10 @ 90 kadens gir ei maksfart på 42 km/t før du spinner ut (med mindre du digger å sykle med 100+ kadens :) Her må du grave litt i erfaringsbanken din og tenke etter kor tungt 8km/t vil føles i ei 12% gruskneik og om 42km/t i nedoverbakke eigentleg er litt sakte 🙂 Viss du vil sammenligne med gamlesykkelen din med "50/34, 11-32t 11-speed" så er det berre å putte inn gir-oppsettet i kalkulatoren: ditt letteste gir 34T-32 @ 60 kadens gir ei minimumsfart på 8.3 km/t, mens ditt tyngste gir 50T-11 @ 90 kadens gir ei maksfart på 53 km/t før du spinner ut. Sånn eg ser det så har du i hovudsak to moglegheiter for å få lettere girutveksling: 1) Bytte bakskifter og bytte til større kassett (til e.g., XPLR 10-44 eller eagle AXS 10-52) --> primært for å få lettere gir, det vil seie 2-3km/t lavere fart på 60 kadens. Ingen innverknad på maksfart. 2) Kjøpe framskifter og bytte over til 2 drev foran, foreks 33T-46T (Force / Rival road) --> du får både litt lettere gir (33T-36 @ 60 -> 7km/t) og høgere maksfart (46T-10 @ 90 -> 54km/t). Eg har to sykler med SRAM etap AXS: Ein racer med 2-by 46/33T, 10-33 (var originalt 48/35T, 10-28 ☠️) og ein blandevei/grussykkel/pendler (som og brukes til bikepacking, opptil 10kg bagasje) med 1-by 36T, 10-44. Med sistnevnte er nesten ingen bakker for bratte, men samtidig så blir det mykje coasting når det bikker nedover 😇 Lykke til! 🍀😀
×
×
  • Opprett ny...