Gå til innhold

ranie

Medlem
  • Innlegg

    31
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

ranie sine prestasjoner

Bidragsyter

Bidragsyter (5/14)

  • Ett År Gjennomført
  • Trådstarter
  • Bidragsyter
  • Konstruktiv
  • En Måned Gjennomført

Nylige merker

56

Nettsamfunnsomdømme

  1. Jan Heine kom nyleg med ein kommentar mykje retta mot det nye Zipp 303 XPLR. Det er fleire punkt han nemner som taler mot dette og meir ekstreme grushjulsett med brei indre felgbredde og (semi-)djupe, aerodynamiske felgar. - Felgane er ikkje djupe nok til å gi laminær luftstraum. - U-forma dekkprofil ved brei indre felgbredde gjer at dekka blir mindre føyelege enn med ein O-forma dekkprofil, og ein får meir rullemotstand. Dekket blir stivare ved U-form, og ein får ein annan fordeling mellom "luftfjæringa" og "dekkfjæringa" ein kan dele opp fjæringa i eit dekk i. - Utforminga med djup profil, hookless og brei indre felg gjer at ein har tynnvegga, stive profilar som kanskje tåler mindre. - Vidare kan grensesnittet mot dekk vere dårlegare enn (trygg), tradisjonell ERTO/ISO-spesifikasjon.
  2. Spennande vending, @olelovold! Trur ikkje at den der blir feil, den heller! Hugser at Morgan Taylor virka nøgd med den sykkelen også når han skreiv om den hos The Radavist.
  3. Spennande prosjekt, @olelovold! Ramma+gaffel: Det ser ut som ein super iterasjon av randosykkelen. Den har mange fine kvalitetar, som du sjølv fint lister opp. Giring-utveksling: Enig i at det til lengre dagsturar og turbruk er kjekt med lettare utveksling enn 1:1 på lettaste giret. Har 46-30 med 11-34 på fairlighten no, det gjer bakkane lettare. 46:13 og 46:11 er greie toppgir. Har kjøpt eit 12t minste drev til kassetten som eg skal prøve for å få mindre hopp mellom 13 og 11. 1-delt vs 2-delt: det er jo også ei nøtt. Om ein samanlikner 46-30/11-34 mot 40/11-46 så ser ein følgande: kjem likt ut på lettaste giret, men lengre hopp opp mot 25 km/t Over 25 km/t blir det mykje det same. (Og her er kanskje hoppa viktigare enn under 20 km/t) Litt skilnad blir det på maksfart med 46:11 og 40:11 Kjedelinja vil jo vere litt ulik. Ref. http://ritzelrechner.de/?GR=DERS&KB=40&RZ=11,13,15,17,19,21,24,28,32,37,46&UF=2200&TF=90&SL=2.6&UN=KMH&DV=gearInches&GR2=DERS&KB2=30,46&RZ2=11,13,15,17,19,21,23,25,27,30,34&UF2=2200# Girskiftar: Friksjonsskiftar er jo klassisk og funksjonelt. Eg har det på pendlarsykkelen i form av ein Microshift bar-end skiftar som skifter ein 11-delt Deore-gir. Så lenge ein ikkje skal svare på rykk og spurte fungerer det veldig bra. Har ikkje prøvd Gevenalle, men å skifte gir når ein er posisjonert meir aerodynamisk eller skal bremse er nok ein fordel Gevenalle har over ein bar-end-skiftar. i tillegg er det kanskje mindre utsett plassering av skiftaren. Skjermar: du skreiv ikkje heilt direkte at du skal ha skjermar, men antar at du skal ha det også. Blir det Honjo, Velo Orange, PDW eller noko anna?
  4. No har Schwalbe kome med Pro One TLE i 38 mm. Kjekt at landevegsdekka frå fleire produsentar veks seg inn i blandevegdomene. Det tenkjer eg kan vere eit godt alternativ til slicks som Rene Herse Barlow Pass 38 mm og Challenge Strada Bianca Pro HTLR 40. Link til test hos BRR: https://www.bicyclerollingresistance.com/cx-gravel-reviews/schwalbe-pro-one-tle-38
  5. Bra jobba! Nei, det er ikkje eg som har hengt opp skilt. Kult at folk er engasjert!
  6. Høyrer Juvass er ut av løypa. Sjekkpunkt er flytta ned til dalen. Spennande å følge med!
  7. Får følge opp med dame-/pendle-/tur-/vogn-/«ha med på sommarferie»-sykkelen som passer både meg og dama: Trek Checkpoint SL 5, 2020-modell. Nokre endringer eg har gjort: -Bytta drivverk til GRX 2x11, satt på goatlink på bakgiren for å få god klaring til 11-42-kassett. 48-31 krank. Voksa kjede. -Hope hjulsett med Rene Herse Snoqualmie Pass Endurance (44 mm) og latexslangar, og ikkje minst: thulefeste for sykkelvogn. -Styre: Zipp Service Course XPLR 42 cm med feit wolftooth styretape. -Elles, litt vesker frå Bontrager og Ortlieb, King Cage flaskehaldar og sikkert litt anna. Velo Orange skjermar ligg og venter på å bli montert før haustvêret slår til. Frontrack frå Tubus med Ortlieb frontvesker er på når pendling og tur krever det. Oppsummert: Allsidig og komfortabel blandevegssykkel.
  8. @Slomo og @Sepeda, takk for meir utgreiing om dekka laga av Panaracer. Eg har i tillegg til RH Barlow Pass erfaring med bruk av Soma Supple Vitesse 42 mm, eit anna dekk laga av Panaracer. Kjøpte dei i håp om å få eit dekk med mykje av dei same kvalitetane ein ser hos Rene Herse. Det er eit dekk som visuelt virker å ha tynne veggar, samt at vekta på dei er relativt låg i forhold til bredde. Desse har rulla fint (med slange) på ein grussykkel og no på slutten står dei på pendlesykkelen. Til tider har eg hatt ganske lågt lufttrykk og dratt vogn, så sideveggane har fått kjørt seg, det er i alle fall slik for det eine kasserte dekket, at vevet i sideveggane vart flussa opp før rullebana var utslitt. Sideveggane vart nok etterkvart tørrare, tynnare og solbleika, og veven fekk til slutt brot fleire stader. Burde kanskje ha logga kilometer for å talsetje bruken litt meir. Men det viser kanskje noko av karakteristikken med Rene Herse, Soma og Ultradynamico - dei tynne sideveggane med relativt tett vev er ettergjevande, men meir utsett for slitasje og punktering. Lågt lufttrykk gir meir deformasjon og då meir/raskare mekanisk slitasje av sideveggane. Gir det meining? Meiner også å ha lest at Rene Herse har lagt på litt meir gummi i rullebana for å få lengre liv i dekka. Ein finn det sikkert i journalen til Jan Heine ein stad. Det viser oss kanskje at eit ettergjevande, komfortabelt og raskt dekk ofte kjem med ein kostnad: kor haldbart det er. Eller finnast det ei gullkule som løyser alt?
  9. Takk for grundig og nyttig svar, @Sepeda! Syns det er veldig kjekt at du tek deg tida til å dele med oss andre, og eg set stor pris på nerdinga di! Skal lese gjennom avhandlinga ein eller to gonger og så prøve å fordøye det 🙂
  10. @Ndreas og @rosandholm, takk for svar. Då klatrer nok Tufo Gravel Thundero og Conti Terra Speed opp på lista mi i alle fall. Korleis er dei som dekk på landevegen? Rene Herse og Ultradynamico er vanskelegare å få tak i her i Noreg, og prisen ligg ein del over dei andre alternativa. Heller litt mot Challenge Strada Bianca HTLR 40, då det kanskje ligner mest på RH og UD dekka og kanskje er det dekket som ein kan stole mest på ned krappe hårnålssvingar på asfalt. Men er Strada Bianca like ettergjevande og komfortabelt og raskt som ein får inntrykk av at RH er åleine om når Jan Heine snakker om (b)landevegsdekk med litt volum? Nokon som har ei meining om Challenge er meir eller mindre haldbare enn RH?
  11. @Justinas, enig i at det kan bli problematisk med kombinasjonen vanskeleg sti og potensielt strengare begrensning i trafikken (frå Kløvstien og opp til besøkssenteret). Ekstremt negativt for rittet og eventuelt ryttarane om det underveis i rittet blir stengt ned sti og veg. Det er nok for stor risiko både for syklist og rittet å satse på den løysinga. Når det gjeld Innfjordtunnelen, så har eg ikkje sykla der, og det er fordi andre eg kjenner seier at det er veldig vanskeleg/umogleg å kome rundt ras og sperringar.
  12. Eg har for tida Rene Herse Barlow Pass Endurance (38 mm slick) med latexslangar. No har dei fått litt sår i rullebana og eg tenkjer at eg må ha etterkomaren klar. Har funne meg godt til rette på desse og tenkjer at dei passer fint til mykje av dei grusvegane eg finn rundt om i Noreg. Eg har 45 mm skjermar på sykkelen, så veldig mykje større dekk enn 38 mm blir trangt. Tenkjer at type mønster, storleik og kor ettergjevande dei er, er noko eg vil sjå etter i neste dekk. No har eg ein felg med indre bredde på 20 mm. Barlow Pass måler 38 mm på den. På lista mi har eg nokre kandidatar - og litt spørsmål: Challenge Strada Bianca HTLR 36 eller 40 mm, gitt kva eg får plass til. Nokon som har testa 40 mm på liknande felg og veit kva bredda vart? Ultradynamico Cava 38.??, mest sannsynleg i Race-utgave. Er dei haldbare nok? RH Barlow Pass Endurance/Standard/Extralight, Endurance har fungert bra. Tener ein noko på å velge standard eller extralight? Tufo, har dei noko på lur som kan dere bra? Andre dekk som burde vore med på lista?
  13. Snakka akkurat med ein som jobber med vegdrifta i Møre og Romsdal fylke, og det kjem til å bli arbeid med maskiner i det mest rasutsatte området om ikkje lenge. Då blir det stein, maskiner og vakter. Kløvstien er som vanleg sti å rekne og går utom der dei skal jobbe.
  14. @Justinas, sjekk også ut om ein kan ta Kløvstien opp til vegen når du er der - du veit best om det er innafor i forhold til kor eksponert og vanskeleg sykkelbæring ein vil ha. Litt sykkelbæring kan kanskje vere akseptabelt, mot å legge fullstendig om på traseen. Då unngår ein å sykle på den mest eksponerte delen av vegen og kjem opp eit godt stykke på vegen. Ved bommen går det ein sti som fører deg inn på Kløvstien. Sei i frå om du vil ha meir detaljer. Eg bur i området. På skiltet som er med bommen står det på engelsk og norsk at sykling ikkje er tillate. Frå andre sida på toppen av stigen, så står det ingen skilt (endå).
  15. Tenkte på same alternativet. I forhold til å ta vegen om Åfarnes, så er det ein undersjøisk tunnel som gjer at ein må sykle ganske langt aust att for å kome rundt. Tresfjord og grusvegen over til Vaksvika er fin. Etter det kan ein jo velge om ein vil ta ruta om Liabygda-Stranda eller til Linge-Geiranger. Tunnel blir det garantert, men begge alternativa har nedoverbakke når ein sykler den vegen ruta går.
×
×
  • Opprett ny...