Gå til innhold

Arnebv

Medlem
  • Innlegg

    77
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Arnebv sine prestasjoner

Entusiast

Entusiast (6/14)

  • Ett År Gjennomført
  • Trådstarter
  • En Måned Gjennomført
  • Dedikert
  • Første Uke Gjennomført

Nylige merker

57

Nettsamfunnsomdømme

  1. Det var berre ein litenpose som fulgte med styret (eller stemmet). Vanskeleg å riste, dessverre. Har aldri opplevd antydning til at ting gror/olsyderer saman, bortsett frå på setepinne. Men eg skrur ganske ofte ting frå kvarandre, vasker, inspiserer og monterer igjen også. Endte opp med å montere tørt og avfetta, så slepp eg i det minste å vere redd for "fett" vs "granuler"-balansen. 🤷
  2. Sjå der, ja. Her har eg nok lest manualen som fulgte med på skeiva. Takkar
  3. 8nm er det som står på, ja. Meste eg har hatt før har vore rundt 5nm. Kanskje det er mogleg at det var litt få av desse "granulene" som kom med, slik at det vart snøring meir enn auka friksjon. Veldig kjedeleg iallfall. Er jo ein fordel å kunne stole på utstyret sitt..
  4. Dei ca 20 år eg har sykla i terrenget har medført at eg har skrudd sykkel like lenge. Eg har aldri brukt momentnøkkel på noko som helst, men har fått ein følelse basert på kraft og verktøyfleks. Ikkje øydelagt noko siste 15 år ved å skru for hardt og ingenting som har løsna under bruk. Eg skaffa meg likevel ganske nettopp momentnøkkel for 2-12 nm, fordi eg no er gamal nok til å bruke pengar på det, og eg skrur innimellom på andre sine syklar.. Kjøpte meg nytt styre og stem her ein dag (alu). Det fulgte med ein pose monteringspasta som var anbefalt brukt. Eg har aldri brukt monteringspasta før, så dette var nytt for meg. Eg monterte begge deler på sykkelen, brukte monteringspasta på kontaktflatene og skrudde boltane til 8nm, som spesifisert. På første tur etter montering i går låg eg med litt press på framhjulet i ein sving, og etter eit høgt smell, møtte eg bakken ganske hardt; hjulet hadde antakeleg fått eit slag og rotert høgre, medan styret som eg holdt i framleis var nesten rett fram. Stemmet hadde rotert ca 90 grader på gaffelrøret. Dette var ikkje så hyggeleg, når eg først, for første gong, hadde montert ting slik ein liksom skal. 1. Er monteringspasta berre tøys og tull til alu? 2. Er momentnøkkelen min ekstremt unøyaktig? Sjølv held eg ein knapp på nr 1, då 8nm på momentnøkkelen kjendes som meir enn eg eigentleg hadde venta. Plan A no er å demontere, fjerne monteringspasta, rense, og montere på nytt uten monteringspasta. Bra plan, eller?
  5. Det er forskjell på sår og øm. Å vere øm i baken på dei første turane er eit ganske sikkert vårteikn for min del, etter nokon månadar utan sykling. Dette går over etter eit par-tre turar. Kan hjelpe med sykkeltruse med padding (sykkelbukse). Sår i baken grunna sykling har eg endå ikkje blitt. Undertøy tilpassa sykling (sykkelbukse), eller eventuelt noko anna som ikkje rører seg mot huda i baken vil for dei fleste vere tilstrekkeleg for å unngå at ein vert sår. Det finnes forskjellige seter og diverse måtar å måle rumpa si på for å finne eit sete som passar seg. Eg har stort sett vore nøgd med whatever sete eg har hatt, men nokon er smalare og nokon breiare mellom rumpebeina (dette er ganske uavhengig av fettprosent).
  6. Newmen Mithril er kanskje verdt den ekstra kostnaden (?). "Dragesikkert" er sikkert å overdrive, men vanskeleg å teste. Betre enn Beskar er eg trygg på at det er.
  7. I denne kort-artikkelen, skreve i år, vert det faktisk konkludert med at 30NM er "bananas høgt" [C. E. 2024] for å feste ein pedal til ein krankarm. Dette samsvarar med empirisk forsking (forventa publisert 2024) eg sjølv har utført over 20 år, der eg ved ingen tilfeller har gått over 10NM ved feste av pedal og likevel har aldri ein pedal løsna ufrivillig. I alle tilfeller har pedal vore grei å løsne, om først sett inn med fett ved montering. Avgrensing: Undersøkingar gjort ved kyst i Norge, Alu krankarmar. Smalt utval.
  8. Vanlegvis når eit kjennemerke vert meldt tapt, får ein nytt kjennemerke umiddelbart når ein er på vegvesenet. Dette antakeleg for å fjerne muligheit for at kjennemerket vert misbrukt på ein måte som går ut over den det er registrert på. Ein ventar altså ikkje for å sjå om det vert misbrukt først. Når du meldar det tapt, vert kjennemerket etterlyst av politiet og dette vil kome opp både når politiet og diverse andre etatar gjer søk mot dette kjennemerket.
  9. Eg endte opp med å både skaffe meg sokkar (Endura shin guards sock) med padding i fronten og knebeskyttar som også går eit stykke nedover leggen (poc VPD 2 long). No er det berre å vente til hevinga som er i heile leggen og nedover nedanfor ankelen skal roe seg ned, slik at eg klare å bevege meg nokonlunde smertefritt. Kanskje eg må sjå på om det er nokon lure ting eg kan gjere for å balansere risiko eg velge å ta på ein betre måte også..
  10. Viss du kan velge telefon via jobb fritt, ville eg vurdert Pixel, så lenge du allereie brukar Google sine appar. På jobb har eg både Samsung og iPhone (fordi), og likar begge såpass dårleg at eg har min eigen private i tillegg (også andre årsaker forsåvidt).
  11. Brukar nesten utelukkande aclima tynne ulltrøyer med kort arm (og sokker) til sykling. Brukar dei fleire gonger og (prøvar å hugse) tørkar dei mellom kvar gong. Luktar null og niks. Lunt når kjøling, lunt når vått, luftig nok når varmt. Tørkar nesten med ein gong.
  12. Bukse brukast innimellom, men har likevel ikkje hindra diverse hudflerr om eg har tryna. Sånn huda mi er no, skal det ekstremt lite til før det vert flerra opp større stykker. Sjølv om eg knapt merkar at eg har vore borti noko. Håpar på at om eg beskyttar det godt i nokon år framover, får huda tid til å normalisere seg slik at eg ikkje får sår for alt mogleg småtterier. Lange sokkar med padding/leggbeskytter pluss knebeskyttar og shorts, blir så og seie dekkande som ei bukse 🙂
  13. Er kanskje litt i overkant modig innimellom, uten nødvendigvis å vere så veldig dyktig.. 🙂 Syklar EL for tida, så toler litt meir vern rundt om på kroppen enn om all kraft i pedalene var min eigen. Eg ser (kona ser) eg får lange blikk innimellom når eg går i shorts. Og blikka går mot leggane.. Utsjånaden plagar meg ikkje, men det er vondt med sår, og sår akkurat der gror sakte. Sokkar ser interessant ut 🙂
  14. Naturen. Den hoppar stadig opp i leggane mine.
  15. Framsida av leggene mine består stort sett av arrvev og sår. Rester av gamal og ny sykling siste 20 år. Arrvevet medvirke til at sår lett oppstår igjen og det skal lite til før huda flerrar av. Lange sokkar funker litt, men ikkje så veldig. Eg trur det er på tide å beskytte leggane mine. Ser det finnes ting, men føretrekk å kjøpe eitt produkt, som er riktig for meg. Krav/ønskeleg Lett og tynt nok til at eg brukar det på alle turar. Beskyttar godt mot kvist og kvast Tek den verste brodden av stein som kjem i kontakt med leggen ved tryn. Sit der det er meininga at den skal sitte. Nokon med produkterfaring som kan dele noko?
×
×
  • Opprett ny...